Prosjektleiar innovasjon, samarbeid og grøn omstilling
Vil du leie prosjekt som formar framtidas utsleppsfrie skipsfart? Hos Maritime CleanTech får du drive grøne innovasjonsprosjekt tett på leiande teknologi-, industri- og FoU-miljø.
Vil du leie prosjekt som formar framtidas utsleppsfrie skipsfart, og samtidig jobbe tett med dei fremste fagmiljøa innan teknologi og innovasjon?
I Maritime CleanTech får du ei nøkkelrolle i å utvikle og realisere klimavenlege løysingar for maritim næring. Me er eit sterkt tverrfagleg miljø der prosjektleiing, strategiske samarbeid og kommunikasjon går hand i hand.
No søker me ein prosjektleiar som vil trivast i skjeringspunktet mellom teknologi, menneske og marknad. Her får den rette kandidaten vere med å skape resultat saman med eit breitt nettverk.
Om rolla
I denne rolla vil du ha ansvar for å leie og drive fram prosjekt frå idé til gjennomføring, i tett samarbeid med industri, FoU‑miljø og offentlege aktørar. Samtidig vil du spele ei viktig rolle i å utvikle nye initiativ og bidra i forretningsutvikling.
Du vil arbeide både operativt og strategisk, og vere ein sentral bidragsytar i å skape samanheng mellom prosjekt, partnararbeid og vidare utvikling av Maritime CleanTech.
Gjennom arbeidet blir du ein del av eit sterkt og internasjonalt miljø innan grøn skipsfart og energiomstilling.
Me tilbyr eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.

Oppgåver knytt til stillinga:
Leie teknologiutviklingsprosjekt med norske og internasjonale partnarar
Vidareformidle prosjektresultat til næring og styresmakter, både nasjonalt, i EU og internasjonalt
Bidra med fagleg grunnlag til utvikling av rammevilkår for utsleppskutt i skipsfarten
Delta i å vidareutvikle prosjektmodell og gode arbeidsprosessar for prosjektleiing
Identifisere og utvikle nye prosjekt og aktivitetar saman med bedrifter og FoU-miljø
Bidra til forretningsutvikling gjennom utvikling av nye samarbeid og finansieringsløp
Presentere og marknadsføre Maritime CleanTech, partnarar og prosjekt på eksterne arenaer som f.eks. konferansar og messer
Relevant kompetanse
Evne til å bygge relasjonar med kundar/leverandørar og samarbeidspartnarar
Utdanning på masternivå
Erfaring med å leie prosjekt og drive prosessar framover, gjerne i samarbeid med fleire aktørar
Erfaring eller sterk interesse for samspelet mellom teknologi, marknad og politikk
Evne til strategisk og analytisk tenking
Erfaring frå næringsliv, FoU og/eller samarbeid knytt til teknologiutvikling og omstilling
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Hos oss er arbeidsdagen dynamisk og personlege eigenskapar er viktig. Den me ser etter er sjølvstendig, fleksibel, nytenkande, positiv og motivert.
Maritime CleanTech har kontor på Stord, i Bergen og i Stavanger. Den rette kandidaten vil tilhøyra eit av desse kontora. Stillinga vil medføra noko reising.
Søknadsfrist: 25. Mai

- Locations
- Bergen, Stavanger, Stord (HQ)