Kommunikasjons- og marknadsrådgivar
Er du opptatt av den grøne omstillinga? Liker du å bygge relasjonar på tvers av menneske og land? Har du eit talent for å formidle, skape engasjement og drive prosjekt?
Er du opptatt av den grøne omstillinga? Liker du å bygge relasjonar på tvers av menneske og land? Har du eit talent for å formidle, skape engasjement og drive prosjekt? I Maritime CleanTech søker me ny kollega – her får du sjansen til å realisere ambisjonane dine!
Om oss:
Maritime CleanTech spelar ei nøkkelrolle i å utvikle nye klimavenlege løysingar for skipsfarten saman med industrien. Me søker kandidatar som deler engasjementet vårt for innovasjon og omstilling, og som gjerne leier prosjekt- og kommunikasjonsaktivitetar i strategiske satsingar saman med næringslivet.
Hos oss vil du raskt bli involvert i teamarbeid, internasjonalt samarbeid og grøn omstilling, og få arbeide med forretningsutvikling og strategiarbeid. Gjennom tett samarbeid med våre 150 medlemsbedrifter vil du jobbe i eit unikt nettverk av dyktige partnarar frå industri, FoU og offentlege aktørar. Me har kontor i Bergen, Stavanger og på Stord.
Kva du skal gjere:
- Prosjektleiaransvar for kommunikasjonsaktivitetar i ulike grøne maritime prosjekt
- Koordinere nasjonale og internasjonale marknadsaktivitetar
- Planlegge og gjennomføre arrangement
- Følge opp og utvikle kommunikasjonsstrategi, nettside og -kanalar
- Tekstproduksjon og søknadsskriving
- Følge opp medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar
Kva me ser etter:
Nokon som er klar til å gjere ein forskjell! Du kan gjerne ha:
- Erfaring frå næringsliv, media, politikk og/eller ein mastergrad i innovasjon, journalistikk, kommunikasjon eller relaterte felt.
- Engasjement for næringsutvikling og innovasjon, og gjerne energiomstilling, skip og teknologi.
- Sterke kommunikasjonsevner – både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Bonuspoeng for kompetanse og erfaring i prosjektarbeid og/eller innhaldsproduksjon.
- Eit proaktivt og samarbeidsorientert tankesett.
Kva me kan tilby:
- Jobbe tverrfagleg med banebrytande samarbeid som gjer ein reell forskjell.
- Samarbeide med framoverlente ekspertar og bransjeleiarar.
- Bygge solid internasjonalt nettverk i energisektoren og maritim industri.
- Bidra til løysingar på globale klima- og miljøutfordringar.
- Konkurransedyktig lønn og forsikringsordning, fleksibel arbeidstid og god kultur.
Om du er klar til å ta på deg ei spennande rolle med store moglegheiter, vil me høyre frå deg raskt.
Søk no – me vurderer søknader fortløpande.
Kontaktpersonar:
- Håvard Tvedte, direktør marknadsutvikling og samfunnskontakt, 926 30 119 / havard@maritimecleantech.no
- Karina H. Sortland, leiar for forretningsdrift og administrasjon, 975 88 764 / karina@maritimecleantech.no
- Locations
- Bergen, Stavanger, Stord (HQ)
- Remote status
- Hybrid

About Maritime CleanTech
Maritime CleanTech represents one of the world’s most complete maritime commercial hubs.
We use the Norwegian maritime expertise, built up over generations, as a springboard for developing energy-efficient and sustainable technologies in collaboration with our partners.
Together we establish green and groundbreaking projects with global commercial potential.